It is currently Fri Dec 27, 2024 6:39 am



Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 2 posts ] 
Author Message
 Post subject: Margaret Hennum: Treng vi vern mot barnevernet?
PostPosted: Thu Jun 12, 2008 11:58 am 
Offline
User avatar

Joined: Sun Mar 26, 2006 4:55 pm
Posts: 31
  
Redd Våre Barn
12. juni 2008



Treng vi vern mot barnevernet?

Av Margaret Hennum,
helsesyster og pediatrisk sjukepleiar



• • • • •
Artikkelen har vært trykket i Synnmørsposten som kronikk den 28. mai 2008. Den er med noen små endringer gjengitt her, med forfatterens velvillige tillatelse.
• • • • •


Barnevern

9. november i haust omtala Sunnmørsposten ei barnevernsak i Ulsteinvik. Avisa hadde intervjua anestesisjukepleiar og bestemor Berit Aarset. Berit Aarset gav i haust ut boka Maktovergrep og justismord. Boka er den einaste i sitt slag som inneheld alle sakspapir frå prosessen som førde til omsorgsovertaking. Boka talar for seg sjølv; og historia ho fortel er hjarterå. Men det er òg rått å møte menneskesynet eg anar har bana veg for desse handlingane. Eit menneskesyn som står i sterk motsetnad til det eg har lært skal vere styrande i profesjonell omgong med menneske.


Omsorgsevne

På pultane til sosialhøgskulestudentane ligg ei doktoravhandling av sosionomen Kari Killèn, kalla Omsorgssvikt og barnemishandling - ei kasusanalyse, frå 1988. Etter studie av berre 17 born, utvikla ho metodar for å fastsetje omsorgsevna til foreldre. Her tek ho omsyn til m.a. personlegdom, sjølvkjensle, modning, tidlegare kontakt med barnevernet (BV), komplikasjonar i svangerskapet, rusproblem, psykisk helse i fortid og notid. Ho deler ut poeng, og summen av desse skal setje BV-arbeidaren i stand til å vurdere om barnet treng omsorga deira.

Avhandlinga la grunnsteinen til ei enorm utbyggjing av BV i Norden, og nokre år seinare auka løyvingane til dei frå 50 til 500 millionar kroner i Noreg. Målgruppa for BV vart utvida frå å gjelde born utsette for overgrep og grov vanskjøtsel, til alle BV meinte leid under omsorgssvikt eller stod i fare for å kunne oppleve omsorgssvikt i framtida!


Beskrive, diagnostisere og behandle

Killèn slær fast at det er BV som skal beskrive, diagnostisere og behandle. Ho er skeptisk til at born vert viste til barne- og ungdomspsykiatrien og PP-tenesta, og der få den ufaglege behandlinga som behandling i samarbeid med foreldre må føre til! For foreldre har etter hennar røynsle manglande innsikt, dei er ofte aggressive (særleg etter at BV har tekje frå dei borna) og dei har ofte motvilje til samarbeid med BV, noko som er sterkt diskvalifiserande for å få att eller behalde omsorga for eigne born.


Kvart fjerde barn?

For få år sidan var Kari Killèn referert i Lindesnes Avis. På eit tverrfagleg kurs for offentleg tilsette, hadde ho hevda at 25 % av norske born vart utsette for overgrep og vanskjøtsel. Reknar vi like mange utsette for ulike grader av omsorgssvikt eller mogleg framtidig omsorgssvikt, har målgruppa for BV nærma seg halvparten av borna i Noreg!

Med gru les eg avsluttingsorda i ei av lærebøkene til Killèn. Her fortel ho studentane at dei foreldra som ikkje er i stand til å gje borna sine god nok omsorg, sjeldan er i stand til å syrgje samanhengande over tap av barnet sitt over tid! Det er desse studentane som ferdig utdanna får posisjonar og makt i i barnevernet i Noreg til å omplassere mellom ein fjerdedel til halvparten av borna våre!

Arbeid i 25 år på avdeling for fortidleg fødde og sjuke nyfødde, har gjort meg kjend med omsorgsovertaking som problemstilling. Vi veit at det finst foreldre som er so tyngde av livet, at dei lyt overlate omsorga for barnet sitt til det offentlege for kortare eller lengre tid.


Må møtast med respekt

For å kunne yte omsorg lyt vi møte menneske med respekt. Ved senga eller kuvøsa til eit fortidleg fødd og sjukt barn er det viktig å kjenne rolla si. Det er mor og far som er dei viktigaste omsorgspersonane. Visst er helsepersonalet livsviktige støttespelarar. Men foreldra er òg livsviktige, og det er dei som i tillegg skal knyte band som skal tryggje ei god fysisk og psykisk utvikling hjå barnet. Vi møter her foreldre i sjokk og langvarig krise. Om vi ikkje tolkar observasjonane i lys av dette, er vi ikkje lenger gode støttespelarar men farlege og amatørmessige angjevarar!

I utdanninga i barnesjukepleie vart det lagd stor vekt på at ein lyt kjenne det friske barnet for å kunne skjøne kva som er sjukt/avvik. Eg synest ikkje BV i Ulstein viser slik kunnskap.


Mødreheimar

Barnevernet har som eitt av hjelpetiltaka opphald på mødreheimar. Under helsesysterutdanninga hadde vi praksis i ein slik heim. Eg hugsar godt dei unge mødrene, men kanskje best spedborna. Enkelte av dei bar preg av grov vanskjøtsel og enda i fosterheim. Men før eit slikt dramatisk vedtak, var dei tilsette der med støtte og råd og hjelp for både mor og barn. Med bruk av dei kjende pedagogiske prinsippa at tryggleik er føresetnad for god læring, bar opphaldet ofte frukt. Eg såg ingen av borna fare ille; mødreheimen tok ansvaret sitt alvorleg.

Med.lic. og jurist Siv Westerberg hevdar at om lag 90 % av omsorgsovertakingane i Sverige er grunnlause. Advokat Sverre Kvilhaug hevdar at i Noreg gjeld dette i om lag 80 % av tilfella.


Eigne normer

I lukka fagmiljø er faren stor for at ein utviklar andre normer enn dei som gjeld i samfunnet elles. Fyrst etter at svært mange er råka, vert dette kjent, og storsamfunnet byrjar å reagere. For BV sin del, har dei i mange år vore utsette for ramsalt kritikk for å ha tekje frå foreldre omsorga for borna. I den aktuelle saka i Ulstein, har ho som BV fann uverdig som mor, dysleksi. Kanskje nærmar vi oss tida for rettsoppgjer og erstatningskrav ogso for desse; slik vi har sett etter statlege overgrep mot andre stigmatiserte grupper i samfunnet; grupper som vart forakta fordi dei vart rekna som svake, og funne trugande fordi dei var anleis, og som samtida ikkje fann verdige til foreldrerolla.


Treng folkeleg innsyn

Mange land, ogso vårt, har ei historie som viser at det er tvingande naudsynt med folkeleg innsyn i både fagmiljø og statsmakt. Framleis lever mange av dei taterborna som vart fjerna med makt, og ofte utan heimel, frå foreldra. Vi har mange av dei ogso her i vår del av landet, og framleis vert det fremja krav om erstatning for øydelagd barndom og øydelagt liv. Og i avisene les vi at statssjefen i Australia nett har bede aborginarane om orsaking for at 10 til 30 % av borna deira vart røva frå foreldra over ei periode på 60 år. Barnerova slutta i 1970, og det tok nærare 40 år før staten var mann til å sjå foreldre og born i augo. Vi er enno ein gong minte på at det som er fagleg og politisk korrekt i ei tid, kan verte rekna som overgrep i ei anna.

Dei fleste som barnevernet gjer urett imot, har nok med å klare å leve med uretten. I den aktuelle saka i Ulstein har varslaren frå klientsida klart det unike å fortelje om den grove omsorgssvikten barnevernet utsette denne sunne vesle jenta for etter at dei brutalt skilde henne frå mor si, i bokform. Historia har rysta lokalsamfunnet.

Trengande born treng eit fungerande og omsorgsfullt barnevern. Difor gjev denne boka verdfull kunnskap for dei i helsevesenet som samarbeider med barnevernet, særleg jordmødre og helsesystre. Varslaren, som formidlar alle dokument i saka, fortel ei historie som barnevernet i Ulstein ikkje kan leve med!

  

_________________
Gjesteskribent hos
Redd Våre Barn
http://forum.r-b-v.net/


Report this post
Top
 Profile  
Reply with quote  
 Post subject:
PostPosted: Wed Jul 16, 2008 9:23 am 
Offline
Rang: Ivrig bruker
User avatar

Joined: Thu Jun 29, 2006 10:54 am
Posts: 181
  
Lenker til debatt i Sunnmørsposten i kjølvannet av Margaret Hennums kronikk:

Vern mot barnevernet
Vern mot usaklege angrep
Kven treng vern mot kva?

Tråd i RVB:
Treng vi vern mot barnevernet

Oppfølgende innlegg av Margaret Hennum her på RVB (også dette sto først i Sunnmørsposten):
Kunnskapen om barnevernet

  

_________________
REDD BARNA VÅRE! Signer oppropet.
http://opprop.r-b-v.net


Report this post
Top
 Profile  
Reply with quote  
Display posts from previous:  Sort by  
Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 2 posts ] 

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 0 guests


You cannot post new topics in this forum
You cannot reply to topics in this forum
You cannot edit your posts in this forum
You cannot delete your posts in this forum

Search for:
Jump to:  
Theme designed by stylerbb.net © 2008
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
All times are UTC [ DST ]