Resten av denne postingen (under) er hentet fra Facebook:Stein Birger Haga
Her er vårt innlegg til Samningen i dag til alle dåke som ikkje har Samningen....
Er det fleire som vil legge ut sine innlegg, er dei hjertleg velkommen til det!
”Eg vil heim att”
Desse orda kom sist torsdag frå den bortførde jenta frå Haga, som så brått og brutalt saman med broren vart kidnappa frå heimen sin, ein harmonisk velfungerande heim, med mykje kjærleik og omsorg, og bortførte til ein heilt framand plass og til framande folk. Jenta sa klårt, høgt og bestemt: ”Eg vil heim att!” Då ingen reagerte, sa ho det ein gong til, endå høgare, endå meir bestemt og fast: ” Er de tunghøyrde? Eg vil heim att!”. Då reagerer beredskapsmor med å seia: ” Hysj. Du hugsar vel kva vi snakka om i går, kva du ikkje fekk lov å seia?”
Vi to som skriv dette innlegget, var sjølve vitne då barnevernet tidlegare denne dagen snakka med foreldra og besteforeldra til desse to borna. Vi er vitne på at foreldra fekk denne instruksjonen frå barnevernet før dei skulle møta borna sine: ”De får ikkje gje uttrykk for følelsar til borna. De har ikkje lov å seia til borna at de er glade i dei. De får ikkje lov å seia at de lengtar etter dei. Dersom de seier dette, vert samveret med borna stoppa straks på augneblinken!”
Dette var 2. gong foreldra og borna fekk møtast etter bortføringa. Ved det første samveret klamra guten seg til far si hand og jenta til mor si hand og dei gret begge sårt. Begge sa dei ville heim att. Då tida kom og dei skulle ta farvel, ville ikkje guten sleppa handa til faren. Han gret og ropte at han ville heim. Då tok barnevernsrepresentanten og løyste grepet guten hadde om faren si hand. Guten sprang straks på terrassen der han stod og ropte og gret og vinka: ”Eg vil heim!”
Foreldra bad om å få lesa rapporten etter dette møtet. Den har dei enno ikkje (pr 17. febr.) fått lesa. Heller ikkje advokaten deira hadde pr 15. februar fått nokon rapport frå dette møtet. Far bad då barnevernet om å ta med i rapporten at borna hadde sagt at dei ville heim. Barnevernet svarte at deira inntrykk var at borna var redde foreldra sine. ”Men du hugsar vel at du løyste grepet guten hadde i handa mi?” spør far. Nei, det kan ikkje barnevernsrepresentanten hugsa.
Vi har blitt kontakta av fleire på Facebook og e-post som meiner at vi som arbeider for at borna skal få koma heim att, gjer jenta i denne saka til ein løgnar. Det gjer vi ikkje. Vi har fått greie på kva som står i rapporten frå politiavhøyret i Barnehuset. Der vart begge borna avhøyrde av kvalifisert politi, spesialutdanna til nettopp slike avhøyr av born. Barnevernet er ikkje like interessert i å forholda seg til denne rapporten. Det samsvarar ikkje med det ”monster-biletet” dei har teikna av mora. Det er barnevernet som gjer jenta til ein løgnar. Det er barnevernet som mishandlar både jenta og guten ved å halda dei borte frå heimen, skulekameratane, lokalmiljøet som dei har vakse opp i, utan skikkeleg grunn. Det er ikkje jenta som har sett dette sirkuset i gong. Det er barnevernet.
Dersom alle born i Samnanger skulle verta kidnappa frå heimane sine og sendt ut av kommunen for liknande ”bruk av vald” som desse to er vorte utsette for, er vi redde for at det kom til å bli nokså mange barnlause heimar i Samnanger! Vi er mot all vald mot born. Men slik vi har forstått barnevernslova, skal det vera samsvar mellom ”overgrepet” og reaksjonsforma. Å ta eit barn ut av heimen, skal berre gjerast i dei alvorlegaste tilfella, der andre aksjonsformar ikkje nyttar. I denne saka er det ikkje snakk om eit alvorleg tilfelle. Det er ei bitte lita fjør, som har vorte til 10 høns.
Besteforeldra til barna bur i nabohuset. Desse har, meir enn dei aller fleste besteforeldre, stilt opp for borneborna sine og har dei mykje meir kjærleik og omsorg enn ei tilfeldig beredskapssmor nokon gong klarar, sjølv om ho skulle gjera sitt aller beste.
Vi har ikkje tillit til barnevernet. Vi er skuffa over at ordførar framleis har full tillit til barnevernet. Ho veit nok til at denne tilliten skulle ta slutt. Kva skader vil denne brutale bortføringa føra til for barnet? Det er naturleg at barnet vil tenkja: ”Mor og far bryr seg ikkje om meg lenger. Dei lengtar ikkje etter meg ein gong. Dei har ikkje sagt at dei er glade i meg.”
Vi vil oppmoda ordførar og kommunestyre til å suspendera barnevernet som så openbert fer med løgn og gjera alt dei kan for å føra alle uskuldig bortførte born i Samnanger attende der dei høyrer heime. Det er ein sjølvstendig verdi for barnet å veksa opp hos dei biologiske foreldra sine, ein ressurs i seg sjølv. Borna og foreldra har lide nok no. Lytt til kva den bortførde jenta og guten seier: ”Eg vil heim att!”
Erene Solsvik Bruvik
Stein Birger Haga
_________________
¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯
."Vårt" lysebrune-mørkerøde såkalte barnevern stjeler mennesker
> Radikalt forum mot familiedestruksjon: http://forum.r-b-v.net/<